ITpro.no - Online IT-magasin

Warning: mysql_fetch_array(): supplied argument is not a valid MySQL result resource in /home/gamecity/home/gamecity/article.php on line 248

Warning: mysql_fetch_array(): supplied argument is not a valid MySQL result resource in /home/gamecity/home/gamecity/article.php on line 252

Stemmer: 14
 

Lesernes vurdering av innholdet og kvaliteten på artikkelen.

Klikk på terningen du vil gi:

1 2 3 4 5 6



Kunsten å være neger
Dette er nokon grunnleggandre råd til deg som er framandkulturell i Norge. Nordmenn liker utlendingar som er eksotiske og sjarmerande. Allereie her støyter utlendingar i Norge på eit problem. Det har seg nemleg slik at svært mange nordmenn synest utlendingar er på sitt desidert mest eksotiske og sjarmerandre når dei er utanlands.

Nyhet: Offline: Fredagshumor  ·   Av Ronny-André Bendiksen  ·  Fredag 7. februar 2003 00:18

Dersom vi nordmenn er på utanlandsferie og spaserer inn på ein bar og treffer ein innfødd som kan seie "rumpe" på norsk, så synest vi det er frykteleg søtt og sjarmerande. Ein neger som står og heng i ein bar i Sykkylven og seier "rumpe" blir neppe møtt med den same begeistringa.

Det finst fleiere eksempel på det same. Vi nordmenn har lett for å tolke det vi opplever i utlandet som eksotisk og sjarmerande, medan vi kallar det noko heilt anna dersom vi opplever nøyaktig det same i Norge.

Dersom vi for eksempel ser ein ubarbert tannlaus gammal mann i ein norsk park, så seier vi at vi har sett samfunnets skyggeside. Dersom vi derimot ser ein tannlaus ubarbert gammal mann på ei gresk øy, så påstår vi at vi har funne noko ekte, noko opprinneleg, noko uspolert, og så tek vi bilde av han. Og så viser vi fram bildet til venner som nikkar og synest det er fantastisk sjarmerande.
Medan vi utvilsamt ville bli sett på som litt tussete i kameratflokken dersom vi stolt viste fram album fulle av portrett av tannlause gamle fyllikar frå Bømlo, Stavseng eller Hokksund. Det er også slik at ein gammal mann på ein benk i utlandet er sjarmerande. Ein gammal utlending på en benk i Norge er høgst sannsynleg trygdesnyltar.

Vi nordmenn synest det er uhøyrt at ein norsk gatekjøkkeninnehavar berre held ope når det passar han. Vi synest derimot det er så sjarmerande at den lokale tavernaen i Syden berre held ope når det passar innehavaren, fordi innehavaren her heiter Jóse, har stor mage og blunkar til femti år gamle charterdamer som ikkje har blitt blunka til sidan den gongen for tjue år sidan då ektemannen fekk eit rusk i auget. Og så tenker charterdama: "Kvifor kan ikkje norske menn vere litt meir sydlanske av seg?" Men alle veit at den sama dama ville blitt alt anna enn smigra dersom ein overvektig innehavar av City Grill & Bistro i Kyrksæterøra hadde blunka til henne.

Dersom innehavaren av City Grill & Bistro i Kyrksæterøra på toppen av det heile var ein overvektig utlending, ville ho dessuten gått rett til politiet eller lokalavisa, og stemt Frp ved neste val.

Og vi nordmenn synast at Chinatown i San Francisco er fargerik og festleg, men at Grønland i Oslo er ein problembydel med uheldig opphoping av framandkulturelle element.

Kva kan så du som er framandkulturell lære av dette? At det er vanskeleg å bli oppfatta som eksotisk og sjarmerande som utlending i Norge, sjølvsagt. Men også at nordmenn helst vil velje sjølve når dei har lyst til å oppleve eksotiske utlendingar.

Derfor er det viktig at du ikkje er eksotisk og fargerik overalt og heile tida. Du bør for eksempel ikkje vere eksotisk i etasjen over, etter klokka ti om kvelden eller midt under tippekampen.

Men når du først skal vere eksotisk, er det viktig at du er skikkeleg eksotisk. Då bør du gjere noko aktivt for å framstå som meir eksotisk enn du faktisk er. Det hjelper å iføre seg fargerike klesplagg eller spele rare instrument, for eksempel trommer med skinn frå gnuens overleppe. Så kan du dikte opp ei historie om at forfedrane dine brukte dette instrumentet for å blidgjere gudane i tørketider.

Då kan du kanskje brukast som etnisk innslag i sosiale eller kulturelle samanhengar, eller halde dyre kurs for førtifem år gamle nyskilte damer med opne sinn. Og kven veit? Dersom du er skikkeleg heldig, kan det hende du ein gong i framtida får vere med og spele i bakgrunnen på ei plate utgitt på Kirkelig Kulturverksted.

Kilde: Are Kalvø



Red. kommentar: Du får kjøpt denne og andre bøker av Are kalvø i de fleste boksjapper.

Republisering tillatt | Kudos | Facebook


 Gi din kommentar
 
Ditt navn: Anonym [ Logg inn | Registrer deg ]

Emne:



Kommentar:

Vennligst hold deg til saken i artikkelen. Alle useriøse og irrelevante kommentarer vil uten videre bli fjernet.

Skriv inn teksten fra bildet:

Tillatt HTML: <p> <b> <i> <em> <br> <strong> <blockquote> <tt> <li> <ol> <ul> <img> <a>
 

Kommentarer (6)

cato: Kunsten å være neger · Fredag 7. februar 2003 08:31
Send en melding · http://www.c-zone.nu/
Svin bra!

[ Anonyme brukere kan ikke skrive kommentarer. Vennligst registrer deg ]



espenh: Kunsten å være neger · Fredag 7. februar 2003 08:36
Send en melding · http://torsvei.porrgrodan.com/
*ler*
Bra avsluttning på en uke jah!

[ Anonyme brukere kan ikke skrive kommentarer. Vennligst registrer deg ]



magisk: Kunsten å være neger · Fredag 7. februar 2003 08:47
Send en melding
Hehehe... itpro hadde så absolutt ikke vært det samme uten fredagshumoren, eller var det techpoeng ?

[ Anonyme brukere kan ikke skrive kommentarer. Vennligst registrer deg ]



StarPig: Kunsten å være neger · Fredag 7. februar 2003 16:44
Send en melding
Jeg leste hele denne boka for rundt et år siden. Utrolig bra! (akkurat som det meste annet av Are Kalvø)
Og kjøper du boka så får du jo også med den fantastiske CD'en "Totalt Neger" :D

[ Anonyme brukere kan ikke skrive kommentarer. Vennligst registrer deg ]



Tigergutt: Kunsten å være neger · Fredag 7. februar 2003 18:43
Send en melding
Are Kalvø er en av våre beste kåsører, jeg vil ikke kalle hans verk bøker men kåserisammlinger.

Fin start på helga

Rune

[ Anonyme brukere kan ikke skrive kommentarer. Vennligst registrer deg ]



Anonym: Kunsten å være neger · Mandag 6. oktober 2003 14:09
Dette er rene bespottelsen. Tenk å gjøre narr av utenlandske skattebetalere. Dette er uhørt. Skulle gjerne tatt mg en personlig prat me mr Kalvø himself.

[ Anonyme brukere kan ikke skrive kommentarer. Vennligst registrer deg ]


På forsiden nå

Les mer...
Bare én... Sjel... Til...!
PS3-test: Demon's Souls
Les mer...
Gamernes svar på elgjakt
Wii-test: Monster Hunter Tri
Les mer...
Mario Kart med hår på brystet
Xbox 360-test: Blur
Les mer...
Nintendo gjør det igjen
Wii-test: Super Mario Galaxy 2
Les mer...
Episk fra Rockstar
X360-test: Red Dead Redemption
Les mer...
Frustrerende moro
PS3-test: ModNation Racers